Nå (uttale på hardingdialekt: Nao) er ei bygd på vestsida av Sørfjorden i Ullensvang kommune. Området som har Nå til postadresse går frå grensa til Odda kommune i sør til grenda Velure i nord. Nå (i vidare tyding) består av desse bygdene og grendene: Kvitno, Eikhamrane, Måge, Lindvik, Gjertveit, Bleie, Kambastad, Reiseter, Måkastad, Kvestad, Vikebygd, Nå, Åkre, Skåltveit, Kråkevik, Rogdo, Rogdaberg og Aga.

Ungane frå Nå-området går på Vikebygd skule. Etter fullført 7. klasse, reiser dei til Hauso skule for å gå på ungdomsskule.

Kategori:Busetnader i Ullensvang Kategori:Bygder i Vestland