Flukta frå Dyreskogen (engelsk The Animals of Farthing Wood) var ein animert fjernsynsserie som vart laga av Den europeiske kringkastingsunionen mellom 1992 og 1995. Serien var basert på barnebøkene til Colin Dann, og vart i Noreg vist på NRK. Det vart laga 39 episodar fordelt på tre sesongar. Serien vart seinare utgjeven på VHS, og det vart laga fargebøker og leikefigurar av figurane. I Noreg vart serien fortalt på nynorsk, noko som vart ein stor suksess.

Serien fylgjer ein flokk dyr på veg til Hjorteparken (engelsk White Deer Park) der dei er trygge frå menneska som har øydelagt den tidlegare heimen deira, Dyreskogen. Reisa vert leia av dyra Rev og Grevling, og dei nyttar Padde som vegvisar.

Dei to siste sesongane fekk namna Dyra i Hjorteparken og Dyra frå Hjorteparken. Sjåarane får her sjå framhaldet, frå augneblinken dyra kjem fram til Hjorteparken til Rev overgjev leiarrolla si til sonesonen Vågal.

Dei norske stemmene var m.a. ved Hallvard Lydvo (Rev), Harald Mæle (Grevling), Åsleik Engmark (Moldvarp), Trond Brænne, Liv Bernhoft Osa, Hildegun Riise og Unn Vibeke Hol.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «:no:Flukten fra Dyreskogen» frå , den 19. juni 2009. The Animals of Farthing Wood på the Internet Movie Database Flukta frå Dyreskogen på Filmfront.no

Kategori:Britiske fjernsynsseriar Kategori:Fjernsynsseriar frå 1990-åra Kategori:Barne-TV