Nils Gunnar Lie () er ein norsk journalist og programleiar på TV2.
Lie er oppvaksen i Øystese i Kvam, Hardanger, men er busett i Ski i Akershus. Lie starta TV-karrieren sin i NRK, men gjekk over til TV2 då kanalen vart starta opp i 1992. Same året vart han leiar for debattprogrammet Holmgang. Han var leiar for programmet fram til Oddvar Stenstrøm tok over i 1998. I 1996 og 1997 var han i tillegg leiar for den norske utgåva av Jeopardy!. Han har sidan slutten av 1990-talet ofte vore å sjå som programleiar for TV2 Nyhetene og God morgen, Norge.
Lie fekk Kringkastingsprisen i 1989 for sin bruk av dialekt eller nynorsk i sitt arbeid på eiteren.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Nils Gunnar Lie» frå , den 10. august 2009. Lie sin profil på Filmfront.no Liste over mottakarar av Kringkastingsprisen
Kategori:NRK-journalistar Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Programleiarar for TV2 Kategori:Folk frå Kvam