mini|Ei side av Sauebrevet Sauebrevet (færøysk Seyðabrævið, dansk Fårebrevet) frå 24. juni 1298 er det eldste dokumentet til Færøyane. Dokumentet omhandlar reglar for landbruket på Færøyane. Brevet er skrive på norrønt, sannsynlegvis av biskop Erlendur av Færøyane.

Sauebrevet er eit supplement til den norske gulatingslova frå 1274. Det eksisterer i dag to avskrifter av Sauebrevet, den eine er i nasjonalarkivet i Tórshavn, og den andre på Universitetsbiblioteket i Lund i Sverige.

Sauebrevet er ei viktig kjelde for å forstå samfunnet på Færøyane i mellomalderen, spesielt betalingssystema. Mange av reglane i Sauebrevet har vore gjeldande heilt opp til moderne tid. I motsetning til Færingesoga som vart skriven på Island, er Sauebrevet sannsynlegvis skrive på Færøyane. Språket i brevet har særdrag som syner at det oldfærøyske språket alt i høgmellomalderen skilde seg litt frå det gammalnorske med særfærøyske omgrep.

Lovinnhaldet Paragrafane i Sauebrevet omhandlar Reglar om at saueeigaren skal prove eigarskapen før slakting Om å gå på framand mark Om ein sau er på framand mark Om korleis ein tem ville sauer Om å merkje sauene. Presisering av at endring av den første merkinga er rekna som tjuveri. Om aggressive gjetarhundar, erstatningsplikt og om talet på sauer på ei mark Om kor lang fristen er ved ei åtvaring frå styremaktene Om plikta til å melde inntrenging på framand mark Om å temje ville sauer – andre del Om å forpakte land Om uønskte gjester og fattiges rett Om vitne Om bevertningsutgifter Om etablering og busetjingsrett Om fordeling av kvalkjøtt Om drivgods

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fårebrevet» frå , den 10. august 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Færøyane