De Musikalske Dvergene er ei rockegruppe frå Bergen som vart starta i 1980 av Bo Grønningsæter og Helge Grønhaug.

De Musikalske Dvergene har opp gjennom åra hatt ein fast kjerne, men musikarane har variert noko. Frå starten var Bo Grønningsæter (slagverk), Allert Bøkenes (gitar), Erling Hjertnes (bass), Helge Grønhaug (vokal og gitar), Arne Grønhaug (gitar) gruppa. Perkusjonisten Bo Grønningsæter vart erstatta av Per Helge Hansen.

Det var denne besetninga, forsterka av Karsten Olsen (slagverk), som spelte inn gruppas første LP En klase bananer & en enkel seng. Plata vart spelt inn i Sigma Lydstudio i 1988. Karsten Olsen overtok på slagverk for Per Helge Hansen, og denne besetninga vart uforandra inntil Allert Bøkenes slutta etter utgjevinga av bok/singel Ned Abels Allé i 1991. Etter enkelte førebelse løysingar blir han erstatta av pianist Yngve «Fluebinder» Jacobsen. Denne besetninga var uendra fram til 2008. Da overtok Thor Inge Stokke for Karsten Olsen på slagverk.

Bandmedlemmer Besetninga i 2008:

Helge Grønhaug (gitar) Arne Grønhaug (gitar) Erling Hjertnes (bass) Thor Inge Stokke (slagverk) Yngve Jacobsen (tangentar)

Diskografi

«Marianne (Tempo Corvette)» - 7" Singel - 1985 En klase bananer & en enkel seng - LP, MC, CD - 1989 Dvergenes andre - LP, MC, CD - 1990 Ned Abels Alle - 7" Singel/Bok - 1991 Arbeid for trygd - CD - 1993 Veldig respektable menn - (i samarbeid med Frode Alnæs) - CD - 2004 25 år med slark i strengene - CD-singel - 2005 Om poteter får du snakke med min far - CD (Samleplate) - 2006 (uten store ord...) - CD - 2008 Tunge steiner - LP, CD - 2012 «Go'e busser» - 2015 Om poteter får du snakke med min far 2 - (Samleplate) - 2016 Rolig Rock’n Roll - 2017 Bak neste blåne - 2020

Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside De Musikalske Dvergene hjå Norsk Musikkinformasjon

Kategori:Norske rockegrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1980