Hohberghorn er eit 4 219 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits. Fjelltoppen ligg nær ved nordenden av fjellryggen Nadelgrat, ei høg egg som strekker seg nokså nær nord–sør. Denne egga eller fjellryggen ligg nord for Dom, ovan om turiststaden Saas-Fee i aust og dalen Mattertal i vest. Heile massivet ligg i kantonen Valais.

Fjelltoppen vart kliven fyrste gongen i august 1869 av R. B. Heathcote og tre fjellførarar; Franz Biner, Peter Perren og Peter Taugwalder. Dei klatra opp det vestlegaste gjølet ovan om Hohberggletscher til skaret Stecknadeljoch.

Ei bestiging vert i dag ofte kombinert med ein tur til den litt høgre toppen Nadelhorn. Hohberghorn vert då kliven på vegen til denne siste.

Den steile nordaustveggen er 320 meter høg og i snitt 50 grader. Denne veggen vert rekna som framifrå øving med tanke på å klatre den tilsvarande og høgare nordveggen på Lenzspitze.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hohberghorn» frå , den 19. november 2009.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Valais