Ynys Gored Goch (på engelsk òg kalla Whitebait island) er ei lita øy i Menaisundet mellom Gwynedd og Anglesey nord i Wales.
Ho ligg i eit stykke av sundet kalla Swellies mellom to bruer, Thomas Telford si Menai Suspension Bridge og Robert Stephenson si Britannia Bridge. På grunn av plasseringa ser ein ofte Ynys Gored Goch på bilete av dei to bruene. Det står eit hus med uthus på øyas. Rundt øya finn ein restar av fiskefeller frå mellomalderen.
mini|venstre|Ynys Gored Goch ved høgvatn (10,4 m), 30. mars 2006 mini|venstre|Ynys Gored Goch ved lågvatn frå søraust med Britannia Bridge bakom.
Tidvasstraumen i Menaisundet rundt øya er stundom så kraftig at det oppstår malstraumar. Dette hindrar ein i å nå øya i periodar på fleire timar kvart døgn. Tidvasskilnaden om våren er på det største over 10 meter. Stundom kan stormflod presse tidvatnet opp over 11,2 meter. Med tidvatn over om lag 10 meter når sjøen heilt opp til huset.
Det var ein liten koloni med terner på øya, men desse har ein ikkje sett att dei siste åra.
Det er ein laksevåg ved øya, som ein trur vart nytta i mange hundre år.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ynys Gored Goch» frå , den 27. mars 2010. oppgav desse kjeldene: A History of the parish of llandysilio - David Senogles - 2001
Bakgrunnsstoff Flyfoto
Kategori:Øyar i Anglesey