Birnie Loch er ein innsjø nordaust i Fife i Skottland, like ved krysset mellom vegane A91 og B937. Han er ein kunstig innsjø som er danna etter at vatn har fylt opp eit tidlegare sandtak.

mini|venstre|Toppdukkar i Birnie Loch. Selskapet som dreiv sandtaket gav den tomme gropa til dei lokale styresmaktene som ein potensiell offentleg ressurs. Det vart halde ein konkurranse om å namngje innsjøen, og namnet Birnie Loch vart føreslått av ei lokal skulejente.

Dette vatnet var eit av dei første av fleire slike vatn i området som vart gjevne til samfunnet. Det finst i dag mykje fugl, fisk, insekt og vassplanter ved innsjøen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Birnie Loch» frå , den 31. mars 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Innsjøar i Skottland Kategori:Geografi i Fife