Nikolaj Leontjevitsj Benois () var ein russisk arkitekt som arbeidde i Peterhof og andre forstader til St. Petersburg.
Liv og gjerning Benois vart fødd i St. Petersburg som son av Anna Katarina (Groppe), som var av tysk avstamming, og Louis Jules Benois frå Brie i Frankrike. Han studerte ved St. Petersburgs kunstakademi frå 1827 til 1836. Åtte år seinare var han av tsar Nikolaj I utnemnd til hoffarkitekt og fekk då oppsyn med fleire byggeprosjekt i byen Peterhof, i særleg grad med stallane til keisaren (1847-52).
Benois teikna nokre av dei fyrste jarnbanestasjonane i Russland, fram om alt i Strelna, Tsarskoje Selo, og nye Peterhof. Den siste vert rekna for meisterstykket hans. I 1800-talets Russland var Benois kjend for å vere tilhengar av nygotisk stil i arkitektur og utsmykking.
Benois hadde tre søner som alle vart lagd merke til i si samtid. Aleksandr Benois var målar og er særleg kjend som scenograf. Også Albert Benois var målar, medan Leon Benois var ein kjend arkitekt. Mellom barneborna hans fann ein kunstnarande Jevgenij Lanceraj og Zinaida Serebrjakova. Skodespelaren Peter Ustinov var eit oldebarn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nicholas Benois» frå , den 14. april 2010.
Kategori:Russisk kunst Kategori:Russiske arkitektar