mini|Reiarlagsflagget som redningsskøytene fører Norske redningsskøyter er fartøy som er spesialbygde for å drive redning og berging til sjøs. Frå den første skøyta vart bygd i 1892 har om lag 150 fartøy vore i drift. Dei aller fleste har vorte bygde og haldne i drift av Redningsselskapet. Mange av dei er finansierte ved gåver, og namnet på skøyta har då ofte tilknyting til gjevaren. Redningsselskapet reknar med at redningsskøytene har redda over 6 400 menneske sidan 1893. Meir enn 600 000 menneske har fått assistanse.
Forhistoria Kring 1890 vart det arbeidd for å starte organisert sjøberging i Noreg. Det vart vurdert ulike løysingar. Både landstasjonar, opne redningsbåtar og dampskip hadde sine tilhengjarar. På Jæren og Lista var det oppretta redningsstasjonar i 1853 og 1854. Dei låg under Fyrdirektøren. Etter at Redningsselskapet vart stifta 9. juli 1891, vart det arbeidd vidare med korleis redningstenesta skulle byggast opp.
I februar 1892 miste mange fiskarar livet i ein storm i Langesundbukta. Mange vart redda av losskøyter, dei fleste av Archers nye losskøyte med jernkjøl. Fleire fekk då trua på at skøyter med jernkjøl ville vere dei beste redningsfarkostane. Om alle losane fekk større, kravellbygde skøyter med jernkjøl kunne losane fungere som redningsvesen. Redningsselskapet sitt lokallag i Langesund tinga ei skøyte hjå Porsgrund Baadbyggeri. Ho skulle vere av same type som Colin Archer sine losskøyter, men fekk i tillegg vasstett garnering og skott. Skøyta, RS «Langesund» (RS 2), vart sjøsett 31. januar 1893. Ho vart den første operative redningsskøyta.
Seglskøytene Generalmøtet i Redningsselskapet vedtok 30. juni 1892 å bygge to redningsskøyter. Det vart utlyst konkurranse om beste skøytemodellen. Vinnar av førstepremien på 150 kr vart skipsreiar Lauritz Christian Stephansen frå Arendal. Stephansen sitt utkast måtte omarbeidast. Det vart gjort av Colin Archer, som var med på å bedømme utkasta. Han gjorde skøyta noko lenger og litt smalare. Samstundes auka han vekta av jarnkjølen frå 2,5 tonn til 7 tonn.
Archer vart òg oppfordra av Redningsselskapet til å utvikle ei eiga redningsskøyte ut frå losskøytene han hadde bygd. Han gjekk inn for eimasta skøyter slik at losane kunne stå for sjøredninga langs kysten. Stephansen sin skøytemodell hadde to master meint for eit eige redningsvesen. Tre losredningskøyter var allereie planlagd bygd; dei tre eimasta skøytene RS «Langesund» (RS 2), RS «Tordenskjold» (RS 3) og RS «Feie» (RS 4), så Archer teikna difor ein tomastar, men med ein mykje mindre mesan enn Stephansen sin. Det vart bestemt at ein skulle bygge ei redningsskøyte av kvar av dei to konstruksjonane. Resultata vart RS «Colin Archer» (RS 1), og RS «Liv» (RS 5). «Liv» vart den einaste skøyta bygd av denne typen. Ho var ein vel så god seglar som «Colin Archer», men ho eigna seg ikkje så godt til å slepe andre fartøy.«Fra vår Historie» i Redningsskøyta nr. 3/2006.
Colin Archer-skøytene mini|RS «Colin Archer» (RS 1) Redningsskøytene som Colin Archer bygde var vellukka, noko redningsaksjonen ved Hamningberg viste. RS «Colin Archer» berga då 36 menneskeliv, og det vart innsamla midlar som sette Redningsselskapet i stand til å hyre eigne mannskap. Redningsselskapet bygde 30 Colin Archer-skøyter som gaffelrigga ketchar. Stormasta var ei heller kort pålemast, oftast av furu. Ho nådde 13 meter over dekk. Toppen av toppseglspiren nådde 2,5 meter over mastetoppen. Mesanmasta var ein god del kortare, til dels kortare enn det er vanleg på ketchrigga fartøy. Skøytene hadde ein løpande klyverbom som vart dregen inn på dekk når han ikkje var i bruk. På den måten unngjekk ein òg at klyverbommen så lett vart skadd i uvêr. Dei tok og mindre plass, og var lettare å manøvrere i hamner og andre stader der det var trongt.
Skroget var bygd for store påkjenningar. Doble spant av krumvakse materiale vart samanbolta til ein dimensjon på 17,5×17,5 centimeter. Spanta var av en blanding av furu og eik. Huda var eikebord på 1½ tommar (38 mm), og garneringa to tommar (50 mm) tjukk furu. Garneringa vart driven vasstett. Det vart òg skott og banjer. Ein hadde då eit vasstett indre skrog som kunne halde skøyta flytande om ytterhuda fekk skade. Dette redda fleire skøyter frå totalforlis.
Alle dei seglande redningsskøytene hadde styrebrønn. RS «Stavanger» (RS 14) var den første der styrebrønnen var sjølvlensande.
Archer konstruerte tre typar redningsskøyter: Colin Archer-typen, Svolvær-typen og Solli/Vardø-typen.
Colin Archer-typen Av Colin Archer-typen vart det bygd 5 skøyter mellom 1893 og 1897. Trekjølen var av eik eller pitchpine. Skøytene vart bygde med ein stor jernkjøl, brei og høg og på 5–6 tonn med lengd på 1/2 av trekjølens lengd og i endane vart det nytta furu som fylltre med eik stråkjøl under. Huda var av eik, garnering og dekk av furu.
Svolvær-typen I 1897 gjorde Colin Archer ein del endringar på redningsskøytene han teika. Øvste delen av baugprofilen vart noko utretta, samstundes som botnvinkelen vart flatare. Skøyteførarane fann at dei var betre sjøbåtar, ettersom dei vart meir stabile og litt lettare å manøvrere.
Denne skøytetypen har fått namn etter RS «Svolvær» (RS 12), den første som vart bygd etter dei nye teikningane frå 1897. Ti slike skøyter vart bygde. Ei av dei var RS «Catherine Booth» (RS 37), som Colin Archer bygde for Frelsesarmeen i 1900. Freslsearmeen dreiv skøyta til 1930, då vart ho innlemma i Redningsselskapet sin flåte. Dei fleste av Svolvær-typen vart bygde ved Colin Archer sitt verft i Larvik.
Solli/Vardø-typen I 1908 kom den tredje typen: Solli/Vardø. Typen fekk namn etter dei to første skøytene: RS «Solli» (RS 21) og RS «Vardø» (RS 22). Endringane denne gongen var større, 20 cm større breidd og mykje større fylde i baugen, men same lengd og profil. Desse skøytene fekk såleis meir stabilitet og slepekraft, noko som kom godt med då fiskebåtane stadig blei større. Fylden i baugen gjorde dei også til betre sjøbåtar i storm, men i lett vêr blei dei tregare. Desse skøytene blei bygd med mindre jernkjøl og tykkere akterstevn som forberedelse til motor i skøytene. Motor vart ikkje satt i i denne omgangen, men kom etter at de nye motorskøytene vart bygd.
Motorskøyter Det første forsøket med motor i redningsskøyter vart gjort i 1894. Det vart bygt ei skøyte som i tillegg til å vere redningsskøyte òg skulle brukast til fiske. Fartøyet, RS «Frithjof» (RS (7)) fekk innsett ein motor på 12 hk. Forsøket var mislukka. Motoren var for ustabil i drift. Skøyta og motoren vart selde. «Frithjof» vart stroken or skøyteregisteret.
Motorisering av redningsskøytene vart stadig diskutert i Redningsselskapet. Det viktigaste argumentet mot var lenge at motorane ikkje var driftssikre nok. Dessutan ville slike skøyter verte så dyre i drift at færre kunne haldast ute. Først i 1930 vart det bygt ei ny skøyte med motor. Det var RS «Andreas Aarø» (RS 36). Byggeverkstaden, K. Christensen & co. i Risør, forlenget Colin Archer sine skøyteteikningar og satte inn ein tosylindra Wichman på 50/80 hk, men hadde i tillegg samme seglføring som før. Erfaringane med motor var så gode at det vart bestemt at dei neste skøytene og skulle ha motor. Det hadde synt seg at «Andreas Aarø» låg vel tungt i vatnet. Dei neste skøytene måtte forbetrast med fyldigare hekk på grunn av vekta av motoren. Arbeidet med dette vart utført av Bjarne Aas.
Bjarne Aas-skøytene mini|«Biskop Hvoslef», den første Bjarne Aas-skøyta. Redningsselskapet bygde 14 skøyter etter Bjarne Aas sine teikningar. Dei likna mykje på Colin Archer-skøytene – mellom anna fekk dei same karakteristiske baugprofilen. Dei vart bygde med eikehud på eikespant. Garnering og dekk var av furu. For å klare bølgjer bakfrå betre fekk dei kryssarhekk.
Den første skøyta Aas bygde var RS «Biskop Hvoslef» (RS 38). Ho vart som nybygg rigga med bermudarigg. Sjølv om skøyta segla godt, krenka ho mykje, og riggen eign seg ikkje til redningsarbeidet. «Biskop Hvoslef» vart omrigga til gaffelrigg. Dei første Aas-skøytene hadde ikkje klyver. Ingen av dei hadde klyverbom. Klyverstaget var festa i stamnen. Fokkestaget var festa lenger inne på dekk. Aas-skøytene var vellukka. Den siste av dei, RS «Ole O.Lian» (RS 52), vart sjøsett i 1940. Ho var den siste redningsskøyta som vart bygd for seglføring i tillegg til motor. Det vart og sett motor i 12 av Colin Archer-skøytene.
I 1937 vart det bygd ei skøyte, RS «Astrid Finne» (RS 43), som var teikna av Johan Anker. Ho vart bygd i komposittkonstruksjon, med trehud på stålspant.
Redningskryssarar Etter andre verdskrigen fekk Redningsselskapet første redningsskøyta i 1949. Det var kryssaren RS «J.M.Johansen» (RS 53). Han var teikna av Richard G. Furuholmen, og var resultat av at styret i Redningsselskapet i 1944 hadde utlyst ein konkurranse. Konkurranseinnbydinga presiserte at det skulle byggast eit fartøy med motorkraft som einaste framdrift. RS «J.M.Johansen» vart bygd i tre. Lengda på kryssaren var 23,77 meter og han var utrusta med to Wichman-motorar, kvar på 100/120 hk.
I 1951 og 1952 vart det bygd to kryssarar til. Fordelen med desse store redningsfartøya med stor motorkraft var at dei kunne dekkje eit stort område og utføre langvarige slepeoppdrag. «J.M.Johansen» slepte mellom anna eit fiskefartøy frå Grønland til Færøyane i 1949, ein avstand på 630 nautiske mil.
Sjølv om Redningsselskapet etter kvart gjekk over til andre fartøytypar enn skøyter, har dei brukt nemninga redningsskøyte om alle fartøya.
Den siste redningsskøyta bygd i tre var den 11,60 meter lange RS «Oslokjøpmannen» (RS 57), som vart bygd i 1953.
Stålfartøy RS «Sørlandsskøyta» (RS 58) var det første stålfartøyet. Det var eit heller lite utrykkingsfartøy som vart levert i 1955.
Redningskryssarar i stål Redningsselskapet arbeidde for å skaffe seg større stålskøyter. Furuholmen & Scheen utarbeidde byggeteikningar og det vart utført modellprøver i skipsmodelltank. RS «Tønnes Puntervold» (RS 59) var den første av seks stålkryssarar. Motorytinga var no 220–240 hk. Dette var sterke fartøy som vart brukte til isbryting både i Redningsselskapet si teneste og etter at dei vart selde til andre eigarar.
I åra 1958–1960 fekk Redningsselskapet tre stålkryssarar på 87 fot. Den eine av dei var RS «Skomvær II» (RS 66). Han vart finansiert gjennom Skomvær-aksjonen, ein landsdekkande innsamlingsaksjon etter initiativ frå Erik Bye i NRK. Desse redningsskøytene var dei første som ikkje hadde seglføring i det heile. Dei andre fartøya som var bygde etter andre verdskrigen hadde støttesegl som for det meste var i bruk under vakthald på fiskefeltet.
Seinare ut gjennom 1960- og 1970-talet vart 13 kryssarar på 75 fot tilført flåten. I tillegg til desse 75-fotskryssarane vart fem andre stålfartøy bygde på 1970-talet. Mellom dei var den største redningsskøyta som til no har vore i drift, RS «Sjøfareren» (RS 75). Han var 92 fot (28,36 meter) lang. Oljeverksemda i Nordsjøen gjorde at Redningsselskapet skaffa seg RS «Olav V» (RS 96). Det var ei redningsskøyte med stor fart, stor rekkjevidd og gode slepeeigenskapar. Ho kom i drift i 1983. Dei store driftskostnadene gjorde at ho vart avhenda etter 10 år.
Aluminium og glasfiberarmert plast Dei første redningsskøytene av aluminium vart bygde i 1973. Det var hurtiggåande fartøy på 45 fot. Dei vart skaffa for å kunne yte hjelp til den veksande småbåtflåten, men dei vart ikkje isolerte for vinterbruk. Det synte seg at dei var gode redningsfartøy, og det vart då bygd fleire liknande fartøy utrusta for vinterteneste. Mannskapet vart auka frå to til tre. Til saman vart det bygd åtte 45-fots aluminiumsfartøy i denne serien.