Bahus er ein gard i Fana i Bergen kommune på sørsida av Kalandseidet mellom Eidatjørna og Røykenesvatnet på grensa til Os kommune.

Europaveg 39 kryssar garden. Det er framleis gardsdrift her.

Namn Namnet skal vere i oppkalling etter den gamle grensefestninga Bohus (Båhus) i Sverige.

Historie Garden er første gong nemnt i 1603 og høyrte lenge til Lyseklostergodset. Sidan 1873 har garden vore i sjølveige.

Geografi mini|venstre|Bahusvatnet, som ligg mellom Bahus og Lyngbø Garden ligg sør for Kalandseidet og grensar til Os kommune i sør. I aust ligg fjellet Nordhordlandskulten (389 moh), i søraust Røykenesvatnet og i nordaust Bahusvatnet. Desse vatna og Straumen, som går mellom dei er ein del av Oselvo.

Utanom Os kommune i sør og aust, grensar garden til Lyngbø i nordaust, Kaland i nord og Fortunet i vest.

Kjelder

Bergenskart - stednavnskart

Bakgrunnsstoff

Kategori:Gardar i Fana