Marcelo Nicolás Lodeiro Benítez () er ein uruguayansk fotballspelar som i 2014 spela for Corinthians i Brasil og for Uruguay sitt landslag. Han vart seriemeister i Uruguay med Nacional i 2009 og i Nederland med Ajax i 2011 og 2012. Han debuterte for Uruguay sitt A-landslag under dei avgjerande kvalifiseringskampane til fotball-VM i 2010 mot Costa Rica, då han spelte begge kampane. I 2011 var han med på å vinna Copa America med Uruguay.
Kategori:Uruguayanske fotballspelarar Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Uruguayanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014