Tigris (syrisk ܕܩܠܬ Deqlath, arabisk Dijla, tyrkisk Dicle) er den austre elva i elveparet Eufrat og Tigris i Irak. Den km lange elva renn frå fjella i Anatolia i Tyrkia, og renn sørover parallelt med elva Eufrat. Nedbørsområdet til Tigris er km².
Strekning venstre|mini|Hasankeyf, Tyrkia
Tigris har kjeldene sine området omkring sjøen Gölgik i Taurusfjella aust i Tyrkia. 400 km av elva renn i Tyrkia, før ho ei strekning vert grenseelv mellom Tyrkia og Syria. Dette strekket på 44 km er den einaste delen av elva i Syria. Dei gjenverande 1418 km renn innanfor grensene til Irak og flyt søraustover til den mesopotamiske sletta i Irak om lag ved Mosul. Elva renn gjennom Bagdad og fell saman med Eufrat nær Gurmat Ali sør i Irak. Elvane dannar der Shatt al-Arab, som munnar ut i Persiabukta. Tigris har mange sideelver, bland andre Diyala, Øvre og Nedre Zap.
Bagdad, hovudstaden i Irak, ligg vid Tigris, likt mange av dei store stadene i Mesopotamia: Nineve, Ktesifon og Seleukia. Lagash får vatn frå ein kanal som vart graven ut omkring 2400 f.Kr. Byen Tikrit er oppkalla etter elva, som han ligg ved.
mini|venstre|Tigris utanfor Mosul
Tigris har lenge vore ei viktig transportåre i ørkenlandet. Elva er farande med gruntgåande båtar heilt til Bagdad og med flåtar vidare til Mosul. I nyare tid har vegtransport og jernbanen Basra-Bagdad-Mosul tatt over for mykje av trafikken. Vassføringa varierer frå om lag 3000 m³/s i april til 300 m³/s i oktober, målt ved Bagdad.
Utnytting Tigris er kraftig oppdemt i Irak og Tyrkia, og forsyner dei tørre områda ho ren gjennom. Reguleringa hindrar og oversymjingar, som historisk har vore ei følgje av snøsmeltinga i april. Mosuldammen, som ligg ved Tigris, er den største i Irak.
Mytologi I sumerisk mytologi vart Tigris skapt av sæd frå guden Enki.
Profeten Daniel fekk eit syn ved elva Tigris.Dan. 10,4
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tigris» frå , den 28. mai 2010. Norsk Allkunnebok 1965
Kategori:Elvar i Tyrkia Kategori:Elvar i Irak Kategori:Elvar i Syria Kategori:Internasjonale elvar i Asia Kategori:Mesopotamia Kategori:Den fruktbare halvmånen Kategori:Den syrisk-tyrkiske grensa Kategori:Den syrisk-irakiske grensa Kategori:Den tyrkisk-irakiske grensa