Llyn Brenig er eit vassreservoar i North Wales, i hjartet av Denbigh Moors, på grensa mellom grevskapa Conwy og Denbighshire. Det vert nytta til å kontrollere vassnivået i River Dee som ein del av reguleringssystemet i elva, som vernar vassforsyninga for Nordvest-England og Nordaust-Wales, særleg Liverpool og området kring.
Reservoaret Bygginga av demninga starta i 1973 og stod ferdig i 1976. Reservoaret har ein kapasitet på 60 millionar m³ og vart først fylt i 1979. Det har eit overflateareal på 3,7 km² og er dermed den fjerde største innsjøen i Wales. Innsjøen har ei kystlengd på 23 km.
Tilsigsområdet til reservoaret er ikkje stort nok til å fylle det i løpet av eitt år. Det vil sei at når reservoaret vert tappa, så kan det ta fleire år før det vert heilt fylt opp att. Llyn Brenig vert derfor berre nytta under tørkeperiodar når kapasiteten til Llyn Celyn og Llyn Tegid ikkje lenger klarar å halde vassnivået i River Dee oppe.
Arkeologi
Under bygginga av reservoaret vart det funne fleire lekamar frå bronsealderen og ein leir frå mellomsteinalderen for jegerar og samlarar. Ved hjelp av radiokarbonanalysar av kol frå eldstadane ved leiren vart leiren datert til kring 5700 f.Kr.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Llyn Brenig» frå , den 4. september 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Clwyd-Powys Archaeological Trust Llyn Brenig Sailing Club
Brenig, Llyn Brenig, Llyn Llyn Brenig Brenig, Llyn