Kari Henriksen () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart 3. desember 2007 utnemnd til statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet i Regjeringa Stoltenberg II, ei stilling ho hadde fram til 3. april 2009. Ho bad då om avskjed for å konsentrere seg om valkampen før stortingsvalet 2009, då ho var førstekandidaten til Arbeidarpartiet frå Vest-Agder.
Henriksen vart vald inn og er frå 2009 medlem av arbeids- og sosialkomiteen og valkomiteen. Ho var vararepresentant på Stortinget i perioden 2005–2009.
Henriksen er psykiatrisk sjukepleiar frå Universitetet i Agder, og har mastergrad i folkehelse med kurs frå Göteborgs Universitet og State University of New Jersey (Rutgers). Yrkeskarrieren hennar fordeler seg på sjukepleiarstillingar ved Eg Sykehus og leiarstillingar ved A-klinikken i Vest-Agder fylkeskommune i åra 1979-2000. Henriksen har også vore trenar i Flekkerøy IL og hatt verv i bedriftsidrettskretsen i Agder.
Kari Henriksen har vore medlem av bystyret i Kristiansand.
Bibliografi Henriksen, Kari og Jorun Buckley: Æ du gal! – oppvekst på Eg Sykehus, Hertervig Forlag, 2002. ISBN 82-92023-08-9.
Kjelder
NRK - «Kari Henriksen topper», 25.august 2008.
Biografi på Regjeringen.no.
Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Lokalpolitikarar i Kristiansand Kategori:Ap-politikarar i Vest-Agder Kategori:Norske sjukepleiarar Kategori:Folk frå Vennesla Kategori:Folk frå Kristiansand