Frank Bakke-Jensen () er ein norsk politikar frå Høgre og forsvarsminister i regjeringa Solberg frå 20. oktober 2017. Før det var han frå 20. desember 2016 EØS- og EU-minister.
Han var ordførar i Båtsfjord frå 2007 til han vart vald inn på Stortinget frå Finnmark fylke i 2009. Bakke-Jensen er utdanna innan skipselektronikk frå Hammerfest og Tromsø, og har bakgrunn frå skoleverket og som sjølvstendig næringsdrivande ekspeditør for Båtsfjord lufthamn.
Ordførar Bakke-Jensen vart vald som ordførar i 2007, trass i at Arbeidarpartiet fekk 54,7 prosent av stemmene og ni av femten representantar i kommunestyret. Etter nominasjonsvalet hadde fleire Ap-nominerte trekt seg frå lista, og når valet var gjennomført var to av utbrytarane vald inn. Ein av utbrytarane møtte ikkje på det konstituerande møtet, men det viste seg at også det første varamedlemmet braut ut. Jensen vart dermed vald med Høgres fire, Framstegspartiets to representantar i tillegg til dei to møtande utbrytarane frå Arbeidarpartiet. Som ordførar ivra Bakke-Jensen mellom anna for at Båtsfjord skulle få eigen vidaregåande skole, drifta av kommunen sjølv.
Stortingskomitear 2009–2013: medlem i Næringskomiteen
Kjelder
Bakgrunnsstoff Frank Bakke Jensen hos Stortinget Frank Bakke-Jensen hos Finnmark Høgre
Kategori:Norske forsvarsministrar Kategori:Norske EØS- og EU-ministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Ordførarar i Båtsfjord Kategori:Høgreordførarar i Finnmark Kategori:Folk frå Båtsfjord