Ulrik Fredrik Christian Arneberg () var ein nprsl jurist, embetsmann og statsråd.

Arneberg var fødd i Vanse i Vest-Agder, der far hans var sokneprest. Etter å ha teke artium i 1846 var han huslærar i to år. Han studerte så teologi, der han avla andreeksamen, før han bestemte seg til i staden å studere jus. I 1852 avla han juridisk embetseksamen.

Arneberg var fyrst fullmektig hos byfuten i Kristiania. Då futen døydde i 1856 var han konstituert i embetet til 1858. Han var ei tid sakførar og referent ved stiftsoverretten, før han i 1861 vart høgsterettsadvokat. Frå 1866 var han assessor i Kristiania byrett og i 1872 justitiarius for same. Åra 1881-89 var Arneberg amtmann i Bratsbergs amt. Etter å ha vore statsråd, vart han i 1891 på ny amtmann, då i Smaalenene fram til 1905.

Arneberg var statsråd i Emil Stangs fyrste regjering, fyrst gjorde han teneste ved statsrådsavdelinga i Stockholm frå 1889 til 1890. Sidan 1. juli 1890 var han justisminister til regjeringa gjekk av i mars 1891. I perioden frå 1892 til 1894 var han stortingsrepresentant for valkrinsen Brevik og partiet Høgre. Han var medlem av vegkomiteen.

Arneberg vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1880 og forfremja til kommandør av 1. klasse i 1891. Han var også innehavar av den svenske Nordstjerneordenen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske statsrådar 1884-1905 Kategori:Norske justisministrar Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Norske amtmenn Kategori:Fylkesmenn i Telemark Kategori:Fylkesmenn i Østfold Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Folk frå Farsund