«Revolution Blues» er ein song av Neil Young frå albumet On the Beach i 1974. Songen var inspirert av seriemordaren Charles Manson.
Young viser til ein væpna kult i Laurel Canyon i Los Angeles, og kan uttrykka ei viss forståing for Manson-familien.Allmusic Som mange av musikarane frå denne generasjonen, hevdar Young å ha møtt Manson og funne han «mystisk tiltrekkande». I følgje forfattaren av boka David Downing i boka A Dreamer of Pictures: Neil Young, A Man and His Music, var Young passeleg imponert over dei musikalske eigenskapane til Manson, men ikkje nok til at han hjelpte han inn i platebransjen. Interessant nok kunne Young sjølv ha vore den typen kjendis som Manson kunne ha hatt som mål. Songen uttrykker ideen om at alle har ei god og ei dårleg side i oss, og at einkvar person like gjerne kunne vore ein drapsmann som eit offer.
Young spelte ofte songen akustisk på konsertane sine. David Crosby, som song korvokal på den innspelte versjonen, samanlikna Young som spelte det mørke nummeret på ein Crosby, Stills, Nash & Young-turne med «ei vorte på det perfekte udyret».
Kjelder
Kategori:Neil Young-songar Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Songar skrivne av Neil Young