Farmor er ei nemning på ei kvinne som er mor til nokon sin far. Ordet vert òg bruka som tiltaleord når ein vil ha merksemd frå mora til faren sin.

Ordet har røter i gammalnorsk, men fekk på 1700-talet sterk konkurranse frå ordet «bestemor», som, i likskap med «godmor», kan tyde både farmor og mormor. Ei undersøking frå 2005 viste at dei spesifikke slektsskapsorda (farmor, mormor) enno vert meir brukte enn dei meir generelle, spesielt i bymål.«Bestemor eller mormor – bestepappa eller besten?» besteforeldre.no

Kjelder

kategori:Slekt kategori:Kvinner