mini|Kart over tysk tilbaketrekking frå Finland i 1944, Operation Nordlicht Lapplandskrigen, på svensk Kriget i Lappland og på finsk Lapin sota, er namnet på Finland sin tredje krig under den andre verdskrigen. Krigen vart kjempa mot tyske styrkar i Lappland nord i Finland mellom september 1944 og april 1945.
Den finske generalen Hjalmar Siilasvuo, som sigra i slaget ved Suomussalmi, leia dei finske styrkane mot tyskarane. I oktober og november 1944 lukkast han i å driva dei ut av størstedelen av det nordlege Finland. Dei tyske styrkane under Lothar Rendulic brende store delar av området dei drog seg attende frå. Meir enn ein tredel av bustadene i området vart øydelagd. Provinshovudstaden Rovaniemi vart brend ned til grunnen. Dei materielle tapa vart rekna å tilsvara 300 millionar dollar med valutakurs av 1945. I tillegg vart 100 000 innbyggjarar flyktningar, noko som gjorde at attreisingsarbeidet etter krigen vart vanskeleg.
Dei siste tyske styrkane vart drivne ut av Finland i april 1945. Dei militære tapa under krigen var relativt avgrensa: kring 1 000 døde finske soldatar og kring 2 000 på den tyske sida.
Mange av dei tyske styrkane vart flytta inn i Noreg, der dei etter kvart drog seg attende til sør for Lyngen i Troms fylke. I området dei trekte seg attende frå brende dei ned busetnad og folk vart tvinga til å flykta. Målsetnaden var at dei framrykkande styrkane frå Sovjetunionen skulle finna eit aude landskap.
Rendulic vart etter krigen dømd i Nürnbergdomstolen som krigsforbrytar og fekk 20 års fengsel.
Sjå òg Finske vinterkrigen - den fyrste finske vinterkrigen Finske framhaldskrigen- den andre finske vinterkrigen Finsk historie Tysk historie Den andre verdskrigen
Bakgrunnsstoff Finska krigsbilder - kart, bildete, songar og radiotalar.
Kategori:Krigar under den andre verdskrigen Kategori:Finske krigar Kategori:Tyske krigar Kategori:Konfliktar i 1944 Kategori:Konfliktar i 1945 Kategori:Finland under andre verdskrigen