Bordvika er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 5.

Geografi Bordvika ligg på nordsida av Skifjorden og grensar i vest til Varlia, i nord til gardar i Fjaler kommune, i aust til Sandnes og i sør til fjorden. Fylkesveg 65 i Sogn og Fjordane går over garden nær tuna.

Historie I skattematrikkelen frå 1647 er garden lista som audegard og han høyrde til Øn kyrkje. Garden har frå gammalt av hatt to bruk og i 1879 vart ein husmannsplass skilt ut som eige bruk.

Namnet Fyrste lekkjen av namnet kjem truleg av «bord» i tydinga kant, og viser då til høgdedraget mellom sjøen og innmarka, eller av «bor» i tydinga opning og viser då til opninga elva lagar i høgdedraget. Ei anna tolking er at det gjeld bord, som i plankar, og at staden har vore opplagsplass for plank. I kjeldene er namnet skrive «Borduigh» (1563), «Buorduig» (1567), «Burduig» (1603), «Buruigenn» (1608), «Boeruigen» (1667) og «Bordvig» og «Baarvig» (1723).

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Bordvika» i 2003.

Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn, skrivemåten har då vore «Bordvik».

Gardsnamnet Bordvika er også brukt i Brønnøy kommune.

Sjå òg Matrikkelgardar i Hyllestad kommune

Kjelder

Bakgrunnsstoff «Bordvika, in» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Bordvik» i matrikkelutkastet av 1950 «Borvik» i gardsmatrikkelen for 1886 Vidare lesnad

Kategori:Gardar i Hyllestad