Tønsberg flyplass, Jarlsberg, oftast berre kalla Jarlsberg flyplass, ligg 4 km nordvest for byen Tønsberg i Vestfold. Flyplassen har ein rullebane på 800 meter med asfaltdekke. Baneretninga er 18 og 36. ICAO-kode er ENJB. Drifta av flyplassen blir utført av Jarlsberg Fritidssenter. Det opererer fleire klubbar frå Jarlsberg, deriblant Tønsberg Flyveklubb.

Historie Flyplassen blei bygd av tyske soldatar i august 1940 som ein improvisert flyplass med falske installasjonar for å narre fiendtlege rekognoseringsfly. Heilt på slutten av krigen vart Jarlsberg oppgradert til naudlandingsplass og "Platzkommando Tönsberg" vart oppretta. Arbeidet på rullebanen vart utført av russiske krigsfangar. Etter krigen vart plassen tatt i bruk til taxi- og skolefly. Det har vore halde ei lang rekke populære flystemne på staden, det første alt i 1937.

Bakgrunnsstoff Tønsberg Flyveklubb Jarlsberg Fritidssenter Om Jarlsberg flyplass i Bygdebok for Sem og Slagen fra 1963 Jarlsberg på norskeflyplasser.no

Kategori:Flyplassar i Vestfold Kategori:Samferdsle i Tønsberg Kategori:Byggverk i Tønsberg