Erik Arnesson Riisnæs () var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Masfjorden.

Far hans var gardbrukar på Risnes i Masfjorden, og kyrkjesongar i prestegjeldet. Sjølv gjekk han årleg 8-14 dagar i skule og vart elles undervist av faren og ei bestemor. I 1835 vart han skulehaldar i Lindås sokn og tre år seinare lærar i fastskulen i fiskeværet Fedje. I 1839 tok han til på seminaret på Stord, eksamen derifrå i 1841. Han vart omgåande tilsett som lærar og kyrkjesongar i Sandnes sokn i 1841 , og tok noko etter over farsgarden Risnes. Han vart i 1880 lensmann i Lindås.

Riisnæs representerte Søndre Bergenhus amt på Stortinget frå 1857 til 1873. Han var medlem av vegkomiteen 1857, 1859-60 og sekretær i same 1862-63, 1865-73. Vidare var han sekretær i jarnbanekomiteen på omframstortinget 1864 og medlem i same komiteen i 1871. Han var medlem av Lagtinget og valkomiteen 1868-73, i 1869 medlem av røysterettskomiteen.

Han døydde på garden sin i 1881.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Folk frå Masfjorden Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet