Ole Toresson Rød () var ein norsk gardbrukar, lensmann, postopnar og stortingsmann frå Søndeled i Aust-Agder. Han var far til Halvor Olsson Stamsøy.
Rød tok over farsgarden i Søndeled i 1789, og dreiv han til han skøytte garden vidare til sonen. Han var lensmann i Søndeled og Gjerstad frå 1803 til -13, og postopnar frå 1805 til 1835.
I 1814 var han valmann og aktuell til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han var 3. representant frå Nedenes og Robygdelagets amt på Stortinget i 1818. Der var han medlem av åtte komitear, mellom dei var komiteen om bank- og pengestellet, og komitear om skogane i Drammen sitt omland, og om Røros koparverk. Frå 31. mars var han medlem av Lagtinget.
Rød døydde på slektsgarden i Søndeled i 1840.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Postfolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Folk frå Risør