Jon Jonsson Wold () var ein norsk lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Åsen i Nord-Trøndelag.

Wold var son av ein gardbrukar i Åsen. Sjølv vart han lensmann i Åsen i 1816, eit ombod han hadde i femti år. I 1822 kjøpte og dreiv han eit bruk på garden Huseby, men frå 1829 var han gardbrukar på Hove i heimbygda. Dette dreiv han mykje fram, med både mylne og sagbruk.

Wold var medlem av heradsstyret, forlikskommissær 1825-79 og styreformann i den lokale sparebanken frå 1862 til 1881. På Stortinget 1845 var han 2. representant frå Nordre Trondhjems amt, medlem av gasje- og pensjonskomiteen.

Tildelt borgardådsmedaljen i sølv.

Han døydde på garden sin i Åsen i 1889.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske politifolk Kategori:Folk frå Levanger