Sjøslaget ved Dynekilen fann stad den 8. juli 1716 under den store nordiske krigen då ein lett dansk-norsk styrke under Peter Tordenskjold fanga og slo ein mindre svensk styrke i Dynekilen, like nord for Strömstad, på vestkysten av Sverige. 80 % av sjømennene og 90 % av soldatane i styrken til Tordenskjold var nordmenn. Svenskane hadde transportert soldatar frå Göteborg til Fredrikstad.
Den dansk-norske flotiljen slo svenskane, som hadde sett opp skipa og båtane sine for forsvar, og øydelagde eit lite øyfort utstyrt med seks 12-punds kanonar. Det største svenske skipet, «Stenbock» overgav seg, etter at dei mindre fartøya rundt gjekk på land og vart forlatne. Ein svensk landstyrke kom så til, og tvinga Tordenskjold bort. Han tok med seg nokre av dei svenske kapra skipa. Resten vart øydelagde. Den dansk-norske styrken tapte 76 mann.
Involvert skip Danmark-Noreg (Tordenskjold) Hjælper 47 (pram) Hvide Ørn 30 (fregatt) Vindhund 16 (fregatt) Charlotte Amalia 7 (galei) Louisa 7 (galei) Prinds Christian 7 (galei)
Sverige Stenbock 24 (pram) - Overgav seg Proserpina 14 (galei) - Kapra Ulysses 6 (galei) - Kapra Lucretia 13 (galei) - Kapra Hecla 13 (galei) - Kapra og øydelagd Achilles 5 (halvgalei) - Kapra Pollux 5 (halvgalei) - Kapra Hector 5 (halvgalei) - Kapra, øydelagd soon after Castor 5 (halvgalei) - Kapra ? (halvgalei/"dobbelkorvett") - Kapra og øydelagd ? (halvgalei/"dobbelkorvett") - Kapra og øydelagd ? ("dobbelkorvett") - Kapra ? ("dobbelkorvett") - Kapra ? ("dobbelkorvett") - Kapra og øydelagd ? ("dobbelkorvett") - Kapra og øydelagd transportskip - 19 kapra, 10 øydelagd (talet er usikkert) eit par væpna båtar - 54 kapra
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Battle of Dynekilen» frå , den 21. desember 2010. oppgav desse kjeldene: Naval Wars in the Baltic 1553-1850 (1910) - R. C. Anderson Den norske marinen
Kategori:Sjøslag i den store nordiske krigen Kategori:Norske sjøslag Kategori:Svenske sjøslag Kategori:Konfliktar i 1716