Jakob Olsen Skjerven () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Lardal i Vestfold. Han var far til Ole J. Schjerven.

Far hans var gardbrukar. Sjølv tok han i si tid over farsgarden Skjerven. Han var medlem av heradsstyret i 18 år, 12 av dei var han ordførar. Elles var han styremedlem i amtet sin landbruksskule på Rise.

Skjerven representerte Jarlsberg og Larvik amt på Stortinget i 1848 og 1859-64. I 1848 var han medlem av næringskomite nr 1 og i 1859-60 av gasje- og pensjonskomiteen. På Stortinget 1862-63 møtte han berre nokre få dagar, då han to gonger melde sjukdomsforfall.

Han døydde på garden sin i 1876.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Ordførarar i Lardal Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Larvik