Symfoni nr. 8 i D-dur, (K. 48), av Wolfgang Amadeus Mozart er datert til 13. desember 1768.Zaslaw, s. 119–21 Han vart skriven i Wien, då familien alt skulle ha vore attende i Salzburg. I eit brev til venen i Salzburg, Lorenz Hagenauer, skriv Leopold Mozart om forseinkinga at «vi kunne ikkje gjere oss ferdig tidlegare, sjølv om eg prøvde hardt.» Autografen til symfoni nr. 8 er i dag bevart i Staatsbibliothek Preusischer Kulturbesitz i Berlin. ISMN M-006-20466-3
Struktur Symfonien er i fire satsar, og er instrumentert for to oboar, to horn, to trompetar, pauke og strykararar. Uvanleg for dei tidlege symfoniane til Mozart er bruken av paukar og trompetar. Han har vorte skildra som eit «seremoniverk».Kenyon, s. 154
1. Allegro, 3/4 2. Andante, 2/4 3. Menuett og Trio, 3/4 4. Molto allegro, 12/8
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 8 (Mozart)» frå , den 26. desember 2010. oppgav desse kjeldene: Kenyon, Nicholas: The Pocket Guide to Mozart Pegasus Books, New York 2006 ISBN 1-933648-23-6 Zaslaw, Neal: Mozart's Symphonies: Context, Performance Practice, Reception OUP, Oxford 1991 ISBN 0-19-816286-3
Bakgrunnsstoff
08