Saint John's er hovudstaden og den største byen i Antigua og Barbuda. Byen ligg ved ei naturleg hamn på nordvestsida av øya Antigua. Arealet på byen er 10 km2 og folketalet var 31 000 innbyggjarar i 2005. Her er ei travel hamn og produksjon av tekstilar, rom, tre- og metallvarer. I tillegg er det noko finansverksemd og turisttrafikk i form av cruiseskip. Katedral vart bygd i 1845 og byen har eit historisk museum.

Byen var administrerande senter i kolonien Antigua og Barbuda frå 1632 til 1981. Det året vart landet sjølvstendig og Saint John's vart hovudstad.

Kjelder

Kategori:Hovudstader i Nord-Amerika Kategori:Hovudstader i Karibia Kategori:Busetnader på Antigua og Barbuda