Nils Frederik Julius Aars () var ein norsk prest og stortingsmann frå Enebakk i Akershus. Jens Aars var far hans.
Aars vart student frå Drammens skole i 1827 og cand. theol. i 1832. Same året vart han personalkapellan hos faren i Lier, to år seinare residerande kapellan i prestegjeldet. Tida 1845-51 var han sokneprest i Alta og Talvik og frå 1851 var han sokneprest i Lom kommune.
Aars representerte Finmarkens amt på Stortinget i 1848 og 1851. Han var i 1848 medlem av kyrkjekomite nr 1 og i 1851 av Lagtinget og militærkomite nr 2.
Han døydde i Lom i 1865.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Enebakk