mini|Olivenolje er mykje brukt i matlaging, men er òg blitt brukt i lampar. Olje (latin oleum, oliven) er ei samnemning på ulike væsker som normalt ikkje er løyseleg i vatn. Oljer er komplekse, organiske sambindingar av ulike slag. Dei har karakter av å vere viskøse, feite eller smørjande, og kan ordnast i tre hovudgrupper: eteriske oljer, blanda hydrokarbon i form av petroleum, og feite oljer som anten er animalske eller vegetabilske.
Bruksområde mini|Oljelampe frå romartida med kristne symbol. Olje har vore kjend frå oldtida som smøremiddel og som brenselkjelde til lys. Olje er til dømes nemnd i Andre mosebok kapittel 35 «Gåver til heilagdomen», «olje til ljosestaken». Olivenolje var den tidlegaste vegetabilske olja nytta i vidt omfang kring Middelhavet.
Utanom petroleum og olivenolje har kvalolje hatt ei stor kommersiell verdi, kvalolje har vore nytta ut i ca. 800 år. Seint på 1700-talet tok ein i bruk kvalolje til lys i Noreg.
Seinare har kvalolje vorte nytta til margarin, såpe og måling. Også sildolje og linolje er brukt i målingsindustri.
Både animalske og vegetabilske oljer er nytta i matlaging.
Kjelder
Kategori:Mat