«Night Flight» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti, frå 1975. Han vart opphavleg spelt inn i Headley Grange i 1971 og meint for Led Zeppelin IV, men kom etter kvart ikkje med her og vart sett inn på Physical Graffiti for å fylle opp dobbeltalbumet.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
Han vart hovudsakleg skriven av bassisten John Paul Jones. Teksten er nokon fleirtydig, og Robert Plant syng ei soge om ein ung mann som prøver å unngå verneplikta. Det vart òg spelt inn ein annan versjon med ekstra korvokal.
Songen vart aldri spelt på konsertane til Led Zeppelin.
Medverkande Robert Plant - solovokal Jimmy Page - gitar John Paul Jones - bassgitar, Hammondorgel John Bonham - trommer
Andre versjonar 2003: Jeff Buckley (Live at Sin-é [bonusspor]) 2007: Led Zepagain (Led Zepagain II: A Tribute to Led Zeppelin)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Night Flight (song)» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av Robert Plant Kategori:Songar skrivne av John Paul Jones Kategori:Songar produserte av Jimmy Page