Meyer Nilsson Foshaug () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Målselv i Troms. Bortsett frå perioden 1922-24, då han representerte Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, var han stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Foshaug var saman Jørg Berge, Alfred Eriksen og John Lind-Johansen dei aller fyrste stortingsrepresentantane for Arbeidarpartiet.
Han var fødd på garden Fosshaug i Målselv, der far hans dreiv gard. 25 år gammal tok han over ein tredel av farsgarden og bygde sitt eige gardsbruk. Dette bruket dreiv han sidan. Han var medlem av heradsstyret i Målselv 1900-03.
Foshaug representerte Tromsø amt på Stortinget 1903-06, Senja krins 1906-18, Malangen krins 1919-21 og Tromsø fylke 1922-24 og 1928-45. Valbolken 1931-33 var han 1. varamann, møtte då delar av 1931- og heile 1932-sesjonen. Han var 1903-09 medlem av gasje- og pensjonskomiteen, medlem 1910-12 av, sekretær 1913-24 og formann 1928-30 i vegkomiteen. 1934-36 medlem av og 1937-45 formann i veg- og jarnbanekomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar frå Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Ordførarar i Målselv Kategori:Ap-politikarar i Troms Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Folk frå Målselv