Jacob Roll () var ein jurist og stortingsmann frå Trondheim. Han var far til Ferdinand Roll og Oluf Nicolai Roll.

Roll var son til ein proprietær. Sjølv vart han student frå Christiania katedralskole i 1799 og vart cand. jur. frå universitetet i København. Dei neste åra var han medlem av overkriminalretten. 1814-15 var han krigsfiskal, og var såleis aktor i krigssaka mot general Bernhard Staffeldt. Åra 1815-28 var han assessor (dommar) ved stiftsoverretten i Trondheim, sidan justitiarius for den same retten fram til 1855. Roll var styremedlem i Noregs Bank 1816-57. Han var medlem av bystyret i Trondheim 1837-56.

Roll møtte på omframstortinget 1822 frå 7. oktober som varamann for Johan Lysholm. Han representerte Trondheim på Stortinget 1833-37 og 1842. I 1833 var han president i Lagtinget, på dei seinare tingsamlingane var han medlem i same. Elles var han formann i bankkomiteen 1833, 1836 og 1842. Også medlem av kriminallovkomiteen i 1833, 1836 og 1836-37, samt formann i skysskomiteen 1842. I 1836 var han medlem av riksretten.

Kjelder

Kategori:Norske dommarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger Kategori:Ordførarar i Trondheim Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Folk frå Spydeberg