Den norske kortfilmfestivalen, Kortfilmfestivalen i Grimstad eller berre Kortfilmfestivalen, er ein norsk filmfestival for norsk og utanlandsk kortfilm. I tillegg til konkurranseprogramma for kortfilmane viser festivalen blant anna eldre kortfilmar, internasjonale dokumentarfilmar og nyare film- og videoeksperiment. Festivalen held dessutan fleire filmfaglege seminar. Kortfilmfestivalen er ein viktig debutarena for unge filmskaparar i Noreg og ein av dei viktigaste visingsstadene for fri og uavhengig film, òg for etablerte filmfolk.
Historie Festivalen vart arrangert første gongen i 1978, i ein liten kinosal på Røros. I 1982 flytta festivalen til Trondheim, før han i 1988 fekk den endelege basen sin i Grimstad.
Prisvinnarar ÅrGullstolenTerje Vigen-prisenBeste dokumentarfilmPrix UIP GrimstadGrand Prix Grimstad2006KokosKjøterKabal i hjerterSnifferAldrig som förste gangen2007KompisarGrenselandPornostjerne?TommyLampa cu caciula2008BygningsarbeidereSunday MorningsBlod & æreUgunsThree of us2009HumanKontrollPresidenten fra Bastøy fengsel2010Sirkus1987–1993Russian Lessons
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kortfilmfestivalen» frå , den 11. april 2011.
Bakgrunnsstoff kortfilmfestivalen.no
Kategori:filmfestivalar i Noreg Kategori:Skipingar i 1978 Kategori:Kortfilm