Taxi er det åttande studioalbumet til Bryan Ferry, tidlegare solovokalist for Roxy Music. Albumet kom ut på Virgin Records i april 1993 over fem år etter det førre albumet hans, Bête Noire. Dette var det tredje soloalbumet til Ferry etter Roxy Music vart oppløyst i 1983. Albumet selde godt og fekk god kritikk, og nådde andreplassen i Storbritannia, der det selde til gullplate.
Den første singelen, «I Put a Spell on You», var den einaste topp 20-hitten i Storbritannia, med ein 18. plass på lista. Den andre singelen, «Will You Love Me Tomorrow», nådde 23. plassen. Den tredje og siste singelen, «Girl Of My Best Friend» nådde 57. plassen på lista.http://www.officialcharts.com/artist/_/bryan%20ferry/http://www.vivaroxymusic.com/albums_23.php
Produksjon og innspeling Taxi er eit coveralbum (sjølv om siste sporet «Because You’re Mine» er ein original). Då Ferry vart spurt om albumet sa han at «Sidan eg byrja å arbeide på Taxi har alt gått bra for meg. Dei siste to åra har vore kjempefint, men eg hadde tre eller fire dårlege år. Då eg gjorde Taxi-albumet var det starten på å få ting riktig igjen. Berre å få gjort noko raskt og effektivt var særs gledeleg. Få noko eg likte ferdig og gå attende til å syngje att, kome seg bort frå mi eiga skriving for ei stund var ein bra ting.»http://silvermichaels.weebly.com/2/post/2013/07/flashback-bryan-ferry-january-1995.html
Mottaking AllMusic-kritikaren Ned Raggett skreiv: «Taxi syner ein moden Bryan Ferry, elegant og kontrollert, særs mykje på linje med den generelle karrieren hans sidan 1979 ... den handsama vokalen til Ferry, som vart gjort merkeleg flat og komprimert, forsterka den nysgjerrige stemninga.»http://www.allmusic.com/album/taxi-mw0000618627 Entertainment Weekly-skribenten David Browne skreiv om albumet: «Få av nyinnspelingane har den dekadente, muntre entusiasmen coveralbuma hans i 70-åra hadde. Men det er greitt, sidan Ferry har eit anna mål: vakkert uhyggeleg stemningsmusikk for den kjærlege vampyren i oss alle.» Rob Sheffield gav albumet tre stjerner og skreiv at «Taxi er ei samling av gjennomgåande kvalitet, som varierer frå 'Amazing Grace' til 'All Tomorrow's Parties.'»Brackett, Nathan. «Bryan Ferry». The New Rolling Stone Album Guide. November 2004. s. 297
Innhald
Medverkande Henta frå platenotata.
Bryan Ferry – solovokal, piano, orgel, heks, synthesizer, strykarar Andre medverkande Robin Trower – gitar Neil Hubbard – gitar David E. Williams – rytmegitar Michael Brook – gitar Andy Newmark – trommer Steve Ferrone – trommer Michael Giles – trommer Nathan East – bassgitar Steve Pearce – bassgitar Greg Phillinganes – vibrafon, strykarar, synthesizer, munnspel Chris Stainton – Hammondorgel David Sancious – Hammondorgel Andy Mackay – altsaksofon Maceo Parker – altsaksofon Mel Collins – tenorsaksofon Flaco Jiménez – trekkspel Luís Jardim – perkusjon Carleen Anderson – korvokal Richard T. Norris - programmering
Teknisk Richard T. Norris, Sven Taits - lydteknikar Bob Clearmountain - miksing Bryan Ferry, Nick de Ville - kunstnarisk leiar Anton Corbijn - fotografi
Salslister Album Liste (1993)PlasseringAustralia (ARIA Charts)26UK Albums Chart2US Billboard 20079
Singlar ÅrSingelListePlassering1993«I Put a Spell On You»UK Singles Chart18http://www.vivaroxymusic.com/singles_215.php1993«Will You Love Me Tomorrow»UK Singles Chart23http://www.vivaroxymusic.com/singles_597.php
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Taxi (Bryan Ferry album)» frå , den 16. april 2011 og 24. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikkalbum frå 1993 Kategori:Bryan Ferry-album Kategori:Reprise Records-album