«Turn It into Love» er ein song av Kylie Minogue frå debutalbumet Kylie. Singelen kom ut i desember 1988 som den sjette og siste singelen frå albumet. Songen vart skriven av Stock Aitken Waterman.

Informasjon Songen vart utgjeven som singel utelukkande i Japan i 1988, som den sjette singelen frå albumet. Han gjekk rett inn på førsteplass på den japanske internasjonale hitlista, og blei verande i fleire veker. Det vart den tredje singelen hennar på rad til å nå førsteplassen i Japan.

Sporliste «Turn It into Love» – 3:35 «Made in Heaven» – 3:24

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Turn It into Love» frå , den 19. april 2011.

Bakgrunnsstoff Turn It into Love på Allmusic

Kategori:Kylie Minogue-songar Kategori:Songar frå 1988 Kategori:Singlar frå 1988