er ein japansk region som ligg sentralt i den vestlege delen av den japanske hovudøya Honshu. Regionen omfattar prefektura Hiroshima, Okayama, Shimane, Tottori og Yamaguchi, og har eit folketal på 7,8 millionar. Den største byen i regionen er Hiroshima.

Området er prega av åsar og småsletter og er delt i to av ein fjellkjede som går frå aust til vest gjennom midten. I nord har han kyst mot Japanhavet og i sør mot Setosjøen mellom tre japanske hovudøyar.

Industriar i Chugoku er mellom anna bil-, stål- og elektronikkproduksjon og kjemisk industri.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chūgoku region» frå , den 3. mai 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Regionar i Japan Kategori:Honshu