miniatyr|240px|Fig. 1 Døme på planetgir. miniatyr|240px|Fig. 2 Døme på planetgir nytta for nedgiring.

Planetgir er eit gir som har fleire tannhjul utanpå kvarandre. To eller fleire (ofte tre, som i fig. 1) planethjul er i inngrep med eit sentralt plassert solhjul. På yttersida er planethjula i inngrep med ein tannring. Planethjula er opplagra på ein brakett. Planethjula har ein episyklisk rotasjon og namnet episyklisk gir er av og til nytta.

Eit planetgir kan nyttast for å redusera eller auka turtalet, avhengig av kva for hjul som kan rotera fritt. Om ein låser den ytre tannringen og driv braketten med planethjula vil solhjulet rotera med større turtal enn braketten. Om ein derimot låser solhjulet og driv braketten vil den ytre tannkransen rotera med mindre turtal enn braketten. Ein kan òg låsa braketten med planethjula og driva enten solhjulet eller den ytre tannkransen. Ein føremon med planetgir er at kreftene vert balanserte. Dei kan difor overføra stort dreiemoment utan at dimensjonane vert for store.

Døme Fig. 2 syner eit planetgir nytta for å redusera turtalet. Den ytre tannkransen (rosa) er låst i dette dømet og solhjulet (gult) vert drive av inngåande aksling (gul). Solhjulet driv planethjula (blå), som så driv braketten (grøn) slik at han roterer i same retning som solhjulet, men med redusert turtal. Dei raude merka syner vinkelen til solhjulet og braketten i utgangspunktet (venstre) og etter at solhjulet har rotert litt under ein halv omdreining og braketten har rotert 30° med klokka.

Bruk På grunn av at planetgir er kompakte og kan overføra store dreiemoment vert dei ofte nytta som navreduksjon på lastebilar, anleggsmaskinar, skogsmaskinar og liknande. Dei vert òg nytta i automatgirkassar og i navgir på trøsyklar. T-Forden var utstyrt med manuell girkasse som nytta planetgir.

Kategori:Mekanikk Kategori:Motorkøyretøy