Slaget ved Elixheim, 18. juli 1705, òg kjend som passasjen av Brabant-linjene var eit slag i den spanske arvefølgjekrigen. Hertugen av Marlborough klarte å bryte gjennom dei franske linjene i Brabant, ein boge med forsvarsverk som strekte seg i ein 110 km lang boge frå Antwerpen til Namur.Chandler, Marlborough as Military Commander; s 158 Sjølv om han ikkje klarte å vinne ein avgjerande siger, var passasjen og den påfølgjande raseringa av linjene kritiske for den allierte sigeren i Ramillies året etter.
Opptakt Tidleg i felttogsesongen prøvde Marlborough å starte ein invasjon av Frankrike opp Moselledalen. Forsøket vart stoppa av mangel på forsyningar og glimrande franske forsvarsstillingar føre Sierck, og Marlborough og armeen hans vart kalla attende tilbake av den nederlandske statsgeneralen då marskalk Villeroi gjekk til åtak og tok festninga Huy og truga Liege. Han skunda seg attende til Nederlanda (og tvinga Villeroi til å trekkje seg bak forsvaret sitt), Marlborough tok attende Huy, og planla å bryte gjennom linjene for å bringe Villeroi ut i slag.Falkner, Great and Glorious Days; s. 89
Gjennombrot Kvelden den 17. juli sendte Marlborough nederlandske soldatar under marskalk Overkirk i eit skinnåtak sørover mot Namur, og trekte Villeroi og 40 000 mann etter seg. I løpet av natta marsjerte han med sine eigne engelske og skotske soldatar nordover til den vesle landsbyen Eliksem (Elixheim), og der braut han gjennom linjene utan motstand.Chandler, Marlborough as Military Comander; s 159 Tidleg dagen etter, då mennene til Overkirk gjorde motmarsj nordover for å møte Marlborough, gjekk ein fransk avdeling til åtak på den vesle styrken allierte soldatar som var trekt opp vest for linjene, vendt sørover. Etter eit kort, men intenst kavalerislag, der Marlborough ofte var personleg involvert, vart dei driven bort og Villeroi trekte armeen sin vestover til andre sida av elva Dyle.Falkner, Marlborough's Wars:Eywitness Accounts; s 84-6
Etterverknad Marlborough kunne ikkje følgje etter franskmennene den dagen sidan mennene var utslitne etter å ha marsjert heile natta og så kjempa eit intenst slag, men håpte likevel å få Villeroi ut i slag.Falkner, Great and Glorious Days; p 92 Han vart frustrert under manøvrande vest for linjene i månadane som fløgde etter gjennombrotet. Eit siste forsøk vart gjort tidleg i august ved hjelp av forsyningsvogner slik at han ikkje var avhengig av kommunikasjonslinjene. Han klarte å tvinge armeen til Villeroi til å stå nær Waterloo, men fekk ikkje til noko slag etter at det vart lagt ned veto av dei nederlandske kommandantane, mellom anna Slangenburg.Chandler, Marlborough as Military Commander; s 163 Hertugen måtte nøye seg med å erobre festninga Leau og jamne Brabant-linjene mellom denne byen og Maas med jorda.Falkner, Marlborough's Wars, s 90
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Battle of Elixheim» frå , den 24. mai 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Konfliktar i 1705 Elixheim Elixheim Elixheim Elixheim