Pablo Neruda (fødd Ricardo Eliécer Neftalí Reyes Basoalto; ) var ein chilensk poet, politikar, diplomat, journalist, essayist og nobelprisvinnar i litteratur. Neruda vart kjent som poet frå han var 13 år gammal og skreiv ei rekkje essay, surrealistiske dikt, historiske epos, politiske manifest, ein sjølvbiografi og lidenskapelege kjærleiksdikt.

Neruda tok mange diplomatiske stillingar i ulike land i løpet av levetida og tente ein periode som senator for det chilenske kommunistpartiet. Då president Gabriel González Videla forbaud kommunismen i Chile i 1948, vart det skrive ut ein arrestordre for Neruda. Venner gøymde han i fleire månader i ein kjellar i hamnebyen Valparaíso, i 1949 rømde han gjennom eit fjellpass nær Maihue-sjøen inn i Argentina og returnerte ikkje til Chile før etter tre år. Han var ein nær rådgjevar for Chiles sosialistiske president Salvador Allende, og då han kom tilbake til Chile etter å ha tatt imot nobelprisen i 1971, inviterte Allende han til å lese på Estadio Nacional for 70 000 menneske.

Neruda blir ofte rekna som nasjonalpoeten i Chile, og verka hans har vore populære og innverknadsrike over heile verda. Den colombianske romanforfattaren Gabriel García Márquez kalla han ein gong «det 20. hundreårs største poet på alle språk», og kritikaren Harold Bloom inkluderte Neruda som ein av forfattarane sentralt i den vestlege tradisjonen i boka si Vestens litterære kanon.

Tidleg liv og familie mini|høgre|Neruda som ung mann

Ricardo Eliécer Neftalí Reyes Basoalto vart fødd 12. juli 1904 i Parral, Chile, ein by i Linares-provinsen, no ein del av den større Maule-regionen. Far hans, José del Carmen Reyes Morales, var jernbanetilsett, og mora Rosa Neftalí Basoalto Opazo var ein skulelærar som døydde to månader etter at han vart fødd. Faren flytta til Temuco og Neruda voks opp i Temuco med ein halvbror og ei halvsøster.Skei, 2004, side 5-6 I Temuco gjekk faren inn i giftarmål med Trinidad Candia Marverde; Neruda omtalte stemora som «mamadre» i arbeida sine.

På fritida og på ferie gjorde han dei første eksperimentelle skriveøvingane sine og fekk regelmessig lov til å sitje på toget med faren. Sjølv i dei seine dikta hans oppdagar ein ofte referansar til inntrykk frå ungdomstida, prega av eit vidstrekt, originalt landskap.Skei, 2004, side 6

Under opphaldet som diplomat i Jakarta gifta Neruda seg i 1930 med nederlandske Marijke Antonieta Hagenaar Vogelzang, kjent som Maruca.Skei, 2004, side 12 I løpet av perioden under diplomatisk teneste i Madrid byrja eit forhold til Delia del Carril, ein aristokratisk argentinsk kunstnar som var 20 år eldre enn han. Neruda gifta seg med henne i Mexico i 1943; det nye ekteskapet hans vart ikkje anerkjend av chilenske styresmakter då skilsmissa hans frå Vogelzang vart rekna som ulovleg. Det siste ekteskapet var med Matilde Urrutia som han trefte i Chile i 1946. Neruda fekk ei dotter i det første ekteskapet, Malva Marina Trinidad Reyes, født i Madrid 1934, død i Nederland i 1943. Han nemnde ikkje dottera si i sjølvbiografien.

Litterær karriere

Faren åt Neruda motsette seg interessa til sonen for skriving og litteratur, men Neruda fekk oppmuntring frå andre, inkludert den framtidige nobelprisvinnaren Gabriela Mistral, som leidde den lokale skulen, og introduserte han for dei klassiske russiske forteljarane.Neruda memoarar,side 30 Den 18. juli 1917, i ein alder av 13 år, publiserte han det første verket sitt, eit essay med tittelen Entusiasmo y perseverancia («Entusiasme og uthald»), og signerte det Neftalí Reyes. Det var den lokale dagsavisa La Mañana som gav ut essayet. Frå 1918 til midten av 1920 publiserte han ei rekkje dikt, som Mis ojos («Mine auge»), og essay i lokale magasin som Neftalí Reyes. I 1919 deltok han i den litterære konkurransen Juegos Florales de Maule og vann tredjeplassen for diktet sitt Comunión ideal eller Nocturno ideal. I midten av 1920, då han adopterte pseudonymet Pablo Neruda, var han ein forfattar med publikasjonar av dikt, prosa og journalistikk. Han blir trudd å ha henta pennenamnet sitt frå den tsjekkiske poeten Jan Neruda, i sjølvbiografien Jeg tilstår at jeg har levet, forklarer Neruda følgjande under overskrifta «Hvorfor Neruda: For å dekke over utgivelsen av mine første dikt, lette jeg etter et navn som skulle føre ham fullstendig på villspor. Jeg fant dette tsjekkiske navnet i et tidsskrift,...»Neruda memoarar, side 213. Neruda refererte til faren (ham) som ikkje ville finne seg i å få ein diktarson.

I 1921, i ein alder av 16 år, flytta Neruda til Santiago for å studere fransk ved Universidad de Chile med føremål å bli lærar. Likevel vigde han snart all tida si til å skrive dikt, og ved hjelp av den kjende forfattaren Eduardo Barrios, klarte han å møte og imponere Don Carlos George Nascimento, den viktigaste forleggjaren i Chile på den tida. I 1923 vart hans første bind med vers, Crepusculario, gjeve ut av Editorial Nascimento, etterfølgd av det neste året av Veinte poemas de amor y una canción desesperada (omsett til svensk: «20 kärleksdikter och en förtvivlad sång»), ei samling av kjærleiksdikt som var kontroversielt for erotikken sin, spesielt med tanke på den unge alderen til forfattaren. Begge verka vart kritikarroste og er omsett til mange språk. Ei anna utgåve av Veinte-dikt kom i 1932. I åra etter utgjevinga er millionar av eksemplar selde, og det vart Nerudas mest kjende verk. Nesten 100 år seinare er Veinte Poemas framleis den bestseljande diktboka på spansk. I ein alder av 20 hadde Neruda etablert eit internasjonalt rykte som poet, men møtte fattigdom. I 1926 gav han ut samlinga tentativa del hombre infinito (mennesket sin freistnad på det uendelege) og romanen El habitante y su esperanza (Innbyggjaren og håpet hans).

Medan han var i den diplomatiske tenesta, las Neruda store mengder vers, eksperimenterte med mange ulike poetiske former og skreiv dei to første binda av Residencia en la Tierra, som inkluderer mange surrealistiske dikt.

I 1950 skreiv Neruda eit kjent dikt, «La United Fruit Co», som refererte til United Fruit Company, grunnlagt i 1899, som kontrollerte mange territorium og transportnettverk i Latin-Amerika. Han var ein kommunist som trudde at selskap som dette utnytta Latin-Amerika og skadde dei. Selskapet var korrupt og hadde ein søken etter rikdom, og gjennom diktet hans snakkar han om korleis dei uskuldige innbyggjarane i Latin-Amerika leid då selskap øydela landet deira og livsstilen, og bringa råskap og urettferd til landet. Han peikar på måtar verksemder manipulerer regjeringer og arbeidarar på i forsøk på å vere grådige mot fattige land.

Som politisk aktivist kjem haldninga hans som kommunist fram i diktet hans, då han kallar dei velståande selskapa «blodtørstige fluger» og liknar eit «diktatur». Han samanliknar United Fruit Inc. med store selskap som Coca-cola og Ford Motor Company for å understreke styrken og makta deira over dei små landa i Latin-Amerika.

«La United Fruit Co» er eit av dikta i «Den store sangen», Canto general, eit epos over 500 sider frå 1950. Verket er skildra som ein «whitmansk» katalogisering av søramerikansk historie, geografi, flora og fauna. I etterordet i ei utgåve på bokmål, skriv Terje Johanssen om verket at det «er [...] en beskrivelse av det latinamerikanske kontinentet, dets natur og historie, dets undertrykkere og undertrykte. [...] til slutt føyer politikk, poesi og ideologi seg i hverandre til et eneste stort kollektivt dikt, ..»

Diplomatisk og politisk karriere Som følge av økonomiske vanskar følgde ein første periode med teneste i utlandet frå 1927. Han arbeidde som æreskonsul i Rangoon, hovudstaden i den britiske kolonien Burma (Myanmar), deretter administrert frå New Delhi. Seinare, fast i isolasjon og einsemd, arbeidde han i Colombo på Sri Lanka, Jakarta på Java og i Singapore.Skei, 2004, side 11

Den spanske borgarkrigen

Etter at han kom tilbake til Chile frå tenesta i Asia, fekk Neruda diplomatiske stillingar i Buenos Aires og deretter i Barcelona, Spania. Han etterfølgde seinare Gabriela Mistral som konsul i Madrid,Skei, 2004, side 12 der han vart sentrum i ein livleg litterær krins, og vart venn med forfattarar som Rafael Alberti, Federico García Lorca og den peruanske poeten César Vallejo.

Då Spania vart oppslukt av borgarkrig, vart Neruda intenst politisert for første gong. Erfaringane hans under den spanske borgarkrigen med etterspelet førte han bort frå privatfokusert arbeid i retning av kollektiv forplikting. Neruda vart ein ivrig kommunist resten av livet. Den radikale venstreorienterte politikken til dei litterære vennane hans, så vel som Delia del Carril, var medverkande faktorar, men den viktigaste katalysatoren var avrettinga av García Lorca av styrkar lojale mot diktatoren Francisco Franco. Gjennom talane sine og skriftar vendte Neruda ryggen til den spanske republikken, og publiserte samlinga España eit el corazón (Spania i våre hjarte, 1938). Han mista stillinga som konsul på grunn av sin politiske aktivisme. I juli 1937 deltok han på den andre internasjonale forfattarkongressen, med føremål å diskutere haldninga til intellektuelle under krigen i Spania. Kongressen var halden i Valencia, Barcelona og Madrid, og mange forfattarar, mellom anna André Malraux, Ernest Hemingway og Stephen Spender deltok.

Etter valet av Pedro Aguirre Cerda som president i Chile i 1938, vart Neruda utnemnt til spesialkonsul for spanske emigrantar i Paris. Der var han ansvarleg for det han kalla «det edlaste oppdraget eg nokosinne har teke på meg»: transporten av 2000 spanske flyktningar til Chile på eit gammalt skip kalla «Winnipeg».Skei, 2004, side 16

Neruda si neste diplomatiske stilling var som generalkonsul i Mexico City frå 1940 til 1943. I 1940, etter det mislykka attentatforsøket mot Lev Trotskij, arrangerte Neruda eit chilensk visum for den meksikanske målaren David Alfaro Siqueiros, som hadde vorte skulda for involvering i konspirasjonen for å myrde Trotskij.

Til Chile i 1943

I 1943, då han kom tilbake til Chile, la Neruda ut på ei reise i Peru, der han besøkte Machu Picchu. Denne opplevinga inspirerte seinare Alturas de Macchu Picchu, eit dikt i boklengd i 12 delar som han fullførte i 1945. Diktet uttrykte den aukande forståinga hans for og interesse for dei gamle sivilisasjonane i Amerika. Han utforska dette temaet vidare i Canto General (1950). I Alturas feira Neruda Macchu Picchu, men fordømde også slaveriet som hadde gjort det mogleg. I Canto XII bad han dei døde i mange hundreår om å bli gjenfødde og tale gjennom han. Martín Espada, ein poet og professor i kreativ skriving ved University of Massachusetts Amherst, har hylla verket som eit meisterverk, og erklært at «det finst ikkje noko større politisk dikt».

Kommunisme mini|Pablo Neruda Den poetiske arven etter Neruda er vevd saman med hans politiske glød for kommunisme. Pablo Neruda omfamna kommunismen, og beundra spesielt Sovjetunionen og Josef Stalin. Han uttrykte stønaden gjennom dikt og talar, og fekk utmerkingar som Stalins fredspris. Éin konsekvens synte seg som friksjon med jamaldra, slik som venen, den meksikanske poeten Octavio Paz, som kritiserte Nerudas aukande stalinisme. Trass i seinare uttrykk for å vere desillusjonert av utviklinga i Sovjetunionen og i Kina med maoismen, heldt Neruda fram med truskap til den kommunistisk ideologien, og fungerte til og med som kommunistisk senator i Chile frå 1945 fram til han gjekk i skjul og i eksil i 1948. Då den chilenske presidenten Gabriel González Videla, som han hadde stødd, vende seg mot kommunistpartiet, førte det til at Neruda offentleg fordømde Videla i ein berømt tale. Han heldt fram med å kjempe for sine revolusjonære idéar, det inkluderte stønad til Fidel Castro på Cuba.

Eksil, retur og siste år