Frisk Asker Ishockey er ein norsk ishockeyklubb underordna Idrettsforeningen Frisk Asker, som blei stifta den 5. februar 1922. Frisk Asker er ein av dei eldste hockeyklubbane i Noreg, og spelar heimekampane sine i Askerhallen. Heimedrakta til klubben er oransje trøye med svarte detaljar, svart bukse og oransje strømper, medan bortedrakta består av kvit trøye med raudgrøne detaljar, raud bukse og kvite strømper.
Merittar Spelaren med flest landskampar er Thor Martinsen, som har 113 kampar. Laget vart noregsmeistrar i 1975, 1979, 2002 og 2019 og seriemeistrar i 1973/1974, 1975/1976, 1976/1977, 1977/1978 og 2007/08. I 2008 fekk Frisk Asker NM-sølv etter 3–2 tap i sudden death mot Storhamar Dragons, og totalt 4–2 i kampar. I 2017 fekk Frisk Asker NM-sølv etter tap mot Stavanger Oilers, og totalt 4–2 i kampar.
Statistikk og rekordar
Flest kampar
Seriekamper Spelar Sesongar Kampar Petter Kristiansen 2004-2020692 Johnny Nilsen 1991-2009643 Dag Høyem 1985-2002 524 Morten Johansen 1972-1988441 Vidar Wold 1991-2007435 Henrik Aaby 1991-19941997-2007 423 Morten Sethereng 1972-1986422 Ketil Wold 1989-2003418 Nils Nilsen 1970-1986417 Bjørn Erik Olsen 1974-1987414Sist oppdatert: 12. november 2020
Spelarprofilar Thor Martinsen Per Dahl Vidar Johansen (ishockey) Birger «Bigga» Jansen Tore Wålberg Morten Varsla Trond Skar Nils Nilsen Chris Abbott Cam Abbott Mats Zuccarello Aasen Kyle McDonough Morten Johansen Vidar Wold Scott Winkler Erik Follestad
Trenarar Barry Smith 1984–1986 Henry Hamberg 1996–1998 Serge Boisvert 1998–2003 Ulf Weinstock 2003–2004 Michael A. L. Tipson 20/20 Jan Votruba 2004–2005 Esa Tikkanen 2005–2006 Patrik Christer Ross 2006–2007 Sune Bergman 2007–2010 Mats Lusth 2010-2011 Tomas Sandlin 2011-2012 Sune Bergman 2012-2018 Scott Hillman 2018 Jan André Aasland og Vidar Wold 2018-
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske ishockeyklubbar Kategori:Skipingar i 1922 Kategori:Idrettslag i Asker