Walsall er ein stor industriby i West Midlands i England. Han ligg nordvest for Birmingham og aust for Wolverhampton. Historisk har han vore ein del av Staffordshire og er ein del av West Midlands storbyområde og ein del av Black Country.

Byen har kring 70 000 innbyggjarar. Av nabobyar finn ein Brownhills, Willenhall, Bloxwich og Aldridge.

Under den industrielle revolusjonen og 200 år framover vart Walsall forandra frå å vere ein liten landsby med 2000 innbyggjarar på 1700-talet, til ein by med over 86 000 innbyggjarar.

Det lokale fotballlaget er Walsall FC.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Walsall» frå , den 9. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i West Midlands