7 Days and a Miracle er ei norsk kristen pop/rock-gruppe frå Toten som starta opp i 1994.7 Days and a Miracle på NRK Urørt

Historie

Gruppa starta opp under namnet Expect a Miracle med medlemmene Knut Anders Sørum (vokal), Lewi Bergrud (vokal, gitar) og Geir Holten (slagverk). Dei debuterte med EP-en Follow You i 1996, og følgde opp med studioplata Open Mind i 1999.Open Mind hjå Mudistore.no

Både stilen og namnet deira endra seg noko til oppfylgjaralbumet Approach You frå 2003. Dette gav dei ut under bandnamnet Expect. Etter dette forlét vokalist Knut Anders Sørum bandet for å satsa meir på soloprosjekt. Eitt av desse vart å representera Noreg i Eurovision Song Contest 2004 med låta High.Krigsropet, nr. 21, 2004: Grand Prix-klare Knut Anders: - Troen handler alt om Jesus.

Dei gjenverande bandmedlemmene gjekk etter dette saman med Ronny Ødegård og Knut Bjørnar Asphol og danna 7 Days and a Miracle.Crossrhythms.co.uk om 7 Days and a Miracle Plata med same namnet vart utgjeven på Master Music i 2006. Ein restaurert versjon av same plata kom i 2010.Plata 7 Days and a Miracle hjå Mudistore.no

Diskografi

Follow You (EP, 1996) Open Mind (1999) Approach You (2003) 7 Days and a Miracle (2006)

Referansar

Kategori:Norske popgrupper Kategori:Kristne musikkgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1994