Forsythsjøen (Lake Forsyth, av maoriar kalla Te Roto o Wairewa) er ein innsjø på Bankshalvøya i regionen Canterbury på New Zealand.

Sjøen får tilførsle frå Takiritawaielva, ei kort grein av Okutielva, og renn ut i sjøen gjennom ein sandbanke i nærleiken av den vesle busetnaden Birdling's Flat.

Riksvegen State Highway 75 fører til Akaroa, og delar av fottur- og sykkelstien Little River Rail Trail følgjer den nordvestlege strandlinja til sjøen.

Wairewa var viktig som forsyning av ål som mat til det innfødde maorifolket. Avskoging av dei omliggjande åsane har ført til erosjon og oppslamming av sjøen. Han er vorten hypertrofisk, og dette har ført til eutrofiering med dårleg vasskvalitet. Denne forverringa av vasskvaliteten har vore kjend sidan tidleg på 1900-talet. Så langt har freistnadar på å betra tilstanden hatt avgrensa suksess. mini|venstre|Lake Forsyth. Referansar

Denne artikkelen bygger på «Lake Forsyth» frå , den 18. oktober 2011.

Bakgrunnsstoff Wairewa Research Project - eit samarbeidsprosjekt i Wairewa lokalsamfunn med fokus på rehabilitering av Te Roto o Wairewa/Lake Forsyth Det newzealandske miljødepartementet (Department of Conservation) sin rapport om Lake Forsyth

Forsyth Kategori:Canterbury på New Zealand