«Rock and Roll Madonna» er ein song av Elton John med tekst av Bernie Taupin. Songen vart gjeven ut som singel i Storbritannia i 1970, men gjekk ikkje inn på lista der. Songen var å finne på mange piratkopiplater og sjeldne samlingar før han kom ut som bonusspor på albumet Elton John i 1995. Songen er ein rock and roll-song med publikums-effektar lagt opp.
B-sida til singelen var «Grey Seal».
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rock n' Roll Madonna» frå , den 25. oktober 2011.
Kategori:Elton John-songar Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Songar med tekst av Bernie Taupin