Anstruther er ein by i regionen Fife i Skottland. Han har kring 4 000 innbyggjarar. Byen er den største busetjinga i området East Neuk, ei strekning langs nordsida av Firth of Forth. I aust går han over i landsbyen Cellardyke.
Anstruther ligg rett ovanfor Isle of May. Han har eit minnesmerke over slaget ved Isle of May, ei marineulukke som fann stad under fyrste verdskrigen.
Det er gjort funn knytte til piktarane og tidleg kristen tid på staden. Han var tidlegare ein fiskarlandsby, og Scottish Fisheries Museum ligg der.
Turisme er no viktigaste næringsvegen, spesielt knytt til golfbanen og marinaen. Byen har eit fish and chips-utsal som har vunne fleire prisar for maten sin.
Anstruther er fødebyen til geologiprofessoren Andrew Lawson.
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anstruther» frå , den 27. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Fife