Dornoch (skotsk-gælisk Dòrnach, skotsk Dornach) er ein by i regionen Highland i Skottland. Han har kring 1 500 innbyggjarar og var tidlegare burgh. Dornoch ligg på nordaustkysten av Skottland ved Moray Firth, like nord for munningen av Dornoch Firth. Sør for Dornoch på andre sida av Dornoch Firth ligg Tain, lenger nord langs kysten ligg Golspie.
Dornoch hadde status som kongeleg burgh, og var sentrum og einaste burgh i det tidlegare grevskapet Sutherland. Dornoch var òg sete for bispedømmet Caithness, med katedralen Dornoch Cathedral og slottet Dornoch Castle frå 1200-talet. Dornoch Castle er i dag eit hotell.
Dornoch har den tvilsame æra av å vere den siste staden i Skottland der ei heks vart dømd og brunnen på bål, ei kvinne ved namn Janet Horne i 1727.
I nyare tid er byen mest kjend for at popstjerna Madonna døypte sonen sin Rocco i Dornoch Cathedral dagen før ho gifta seg med Guy Ritchie i Skibo Castle like utanfor Dornoch.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dornoch» frå , den 2. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Highland