Mary Ann Elizabeth «Betzy» Stephansen () var ein norsk matematikar og lærar.
Ho studerte ved Eidgenössische Polytechnikum i Zürich i Sveits og tok doktorgrad same stad i 1902. Ho vart dermed den første norske kvinna som tok doktorgrad i matematikk. Ho var lærar ved Bergen katedralskole og Bergen tekniske skole og var frå 1906 tilsett som assistent i fysikk og matematikk ved Norges Landbrukshøyskole på Ås. Frå 1921 jobba ho som dosent i matematikk.
Ho publiserte mellom anna arbeid om partielle differensial- og differenslikningar.
Ho fekk Kongens fortenestmedalje for innsatsen for dei norske fangane på Espeland, fabrikkstaden som faren Anton Stephan Stephansen hadde grunnlagd.
Kjelder
«Elizabeth Stephansen» (2011-11-09). I Store norske leksikon.
Kategori:Norske matematikarar Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Matematikarar på 1900-talet