thumb|300px|Armand Carlsen i svart skjorte i ytterbanen. Frå Vinter-OL 1928 i St. Moritz. Armand Henning Carlsen () var ein norsk skøyteløpar frå Oslo. Han representerte Oslo Skøiteklub.
Karriere
Armand Carlsen representerte Noreg i skøyteløp frå 1925 til 1935. Han deltok i i alt 15 EM og VM, og fekk inga dårlegare plassering enn nr. 12. Under VM i 1927 vann han bronse.
Ei veke før OL 1928 deltok han i VM i Davos i Sveits. Her sette han ny verdsrekord på 10 000 meter med tida 17.17,4. Med dette sletta han gamlerekorden til Oscar Mathisen frå 1913. Rekorden til Carlsen skulle bli ståande i 10 år og 1 dag, til Ivar Ballangrud sletta han i 1938, også i Davos.
Carlsen deltok i Vinter-OL 1928 i St. Moritz, og fekk her ein femteplass på 5000 meter som beste plassering. Han vann 10.000 meter i NM same året. Carlsen vann også 10.000 meter under VM i 1934.
Armand Carlsen var også ein dyktig banesyklist, og fekk sylv i NM i banesykling i 1928. I 1929 vart han tildelt Egebergs ærespris for sin innsats innan både sykkel- og skøytesporten.
Armand Carlsen var president i Norges Skøyteforbund 1956–61. Sonen, Armand Carlsen, jr. har også vore skøyteløpar samt idrettsleiar, og barnebarnet Øystein Carlsen som m.a. deltok under vinter-OL 1994, har tevla for same skøyteklubben som bestefaren.
Kjelder Bokmålswikipedia om Armand Carlsen, henta inn 9. desember 2011. , henta inn 9. desember 2011.
Fotnotar
Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Norske syklistar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1928 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1928 Kategori:Vinnarar av Egebergs Ærespris Kategori:Folk frå Oslo